eInnsyn - ny rettleiar for innhaldsleverandørar til eInnsyn

Det er utarbeida ein ny rettleiar som legg vekt på fulltekstpublisering og skjerming av informasjon i offentlege journalar. Vi oppmodar alle innhaldsleverandørar til å gjere seg kjent med innhaldet, for å sikre rett publisering og skjerming av innhald i eInnsyn.

Publisert: 12. Feb 2020, Sist endret: 15. Apr 2020
 
 

Kom i gang med fulltekstpublisering

Eit fåtall verksemder som leverer innhald til eInnsyn har tatt i bruk funksjonaliteten for å publisere dokument i fulltekst. Tilgangen til offentleg informasjon og innsyn i forvaltninga sitt arbeid blir stadig viktigare for mange. Vi ser av statistikk over innsynsbegjæringer at fleire verksemder har ei auke i antal førespurnader. Det er ingen grunn til å anta at antall førespurnadar frå publikum vil gå ned i tida framover.  Eit av verkemidla for å redusere tid på behandling av innsynskrav i verksemda vil derfor vere å ta i bruk fulltekstpublisering.

Sjå webinar om eInnsyn for erfaringar Digitaliseringsdirektoratet (da Difi), og enkelte av våre kunder har med fulltekstpublisering.

 

Deldette