2. Planlegging

Publisert: 26. Apr 2018, Sist endret: 13. Jan 2020

Digitaliseringsdirektoratet bidreg med teknisk rådgjeving i integrasjonsperioden. De følgjer krava som er fastsett av Digitaliseringsdirektoratet, sjå integrasjonsguide for ID-porten. Ved innføring av tenester som er tilgjengelege gjennom ID-porten må de kontakte ID-porten minst 1 månad før planlagt oppstart/endring av tenesta.

Tryggleiksnivå

Det er kunden sjølv som er ansvarleg for å fastsette tryggleiksnivå på eigne tenester, og de må gjennomføre risikovurdering for kvar einskilt teneste som de vil knyte til ID-porten.

Oppgi nødvendig informasjon til Digitaliseringsdirektoratet

Før tenesta vert sett i produksjon skal de legge fram beskriving av tenesta, estimert bruksvolum, kritiske periodar og høgvolumsperiodar.

Varslingspunkt

De må også registrere varslingspunkt som vil motta varsel om alvorlege og kritiske hendingar. Det er viktig at de vurderer kva funkjsonar som bør vere oppført som varslingspunkt og nedanfor følgjer nokre tips:

  • Tekniske ressursar hjå dykk
  • Funksjonar som har kunde/sluttbrukarkontakt
  • Leverandør, dersom de har det
  • Felles e-postadresser, for å sikre informasjon ved ferie, sjukdom etc. 

 

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*