3. Test

Publisert: 26. Apr 2018, Sist endret: 30. sep 2020

De skal gjennomføre integrasjonstest for ID-porten. Sjå retningslinjer for krav til integrasjon og testing og beskriving av testmiljø. De eller dykkar leverandør må ha eit testmiljø som kan knytast opp mot ID-porten sitt verifikasjonsmiljø.

De skal kunne legge fram dokumentasjon på korleis integrasjonen er testa. Om de har behov for tryggleiks-/ penetrasjonstest og /eller driftstestar (yting, stabilitet) som inkluderer ID-porten må testperiode og kva testmiljø som skal brukast avtalast nærmare med Digitaliseringsdirektoratet. 

Testbrukarar

Testbrukarane som kan brukast til testing mellom e-ID-leverandørane, ID-porten og dykkar tenester skal godkjennast av Digitaliseringsdirektoratet. Det er eit krav om at fiktive testbrukarar vert brukt.