4. Produksjonssetting

Publisert: 26. Apr 2018, Sist endret: 07. Apr 2020

Når testing er gjennomført i samsvar med retningslinjene avtalar me ein dato for integrasjon mot produksjonsmiljøet til ID-porten. De må verifisere at tenesta fungerer tilfredsstillande i produksjon.

Har de hugsa å melde inn varslingspunkt?

Dersom de ikkje allereie har meldt inn varslingspunkt til oss, sender de ein e-post til servicedesk@digdir.no.  der de oppgir varslingspunkt (e-postadresse). Dette varslingspunktet vil få varsel vedrørande hendingar og andre viktige varsel frå Digitaliseringsdirektoratet. Dersom de har ein leverandør som utfører oppgåver vedrørande elektroniske tenester, tilrår me at eit av varslingspunkta er eit kontaktpunkt hjå leverandøren dykkar.