Publisert: 22. jan 2018, Sist endra: 08. okt 2018

Det er enkelt å komme i gang med Kontakt- og reservasjonsregisteret. 

Det første de må gjere er å akseptere bruksvilkår for Difis fellesløysingar. Bruksvilkåra må aksepterast av ein bemyndiga representant for verksemda dykkar. De må ta kontakt med Difi minimum 1 månad før registeret skal takast i bruk. 

Kven kan bruke kontaktregisteret?

Offentlege verksemder og verksemder som utfører oppgåver på vegne av, og som heilt eller delvis er finansiert av det offentlege kan bruke kontaktregisteret. Dette omfattar mellom anna:

  • Tilsyn, ombod, direktorat
  • Fylkeskommunar, kommunar og kommunale etatar
  • Offentleg eigde selskap som berre leverar tenester til det offentlege (eigenregi)
  • Private verksemder som treffer vedtak etter forvaltningslova og private verksemder som yter tenester etter avtale med og på vegne av det offentlege, men då avgrensa til den delen av verksemda som omfattast av forvaltningslova

Kva kostar kontaktregisteret?

Bruken av kontaktregisteret er gratis. Kunden dekkar eigne kostnader for eige arbeid i samband med integrasjon mot kontaktregisteret.