1. Førebuingar

Publisert: 08. Mai 2018, Sist endret: 31. aug 2018

Vel integrasjonsalternativ

Alternativet de vel for å ta i bruk løysinga vil påverke jobben som skal gjerast.

Eigen integrasjon

Om verksemda di ønskjer å utvikle ein eigen integrasjon finnes det hjelpemiddel de kan bruke:

Bestille utvikling frå leverandør

Kontakt den aktuelle leverandøret og spør kva dei kan tilby. Om verksemda di skal bruke kontaktregisteret til utsending til digital postkasse, finnest det ferdige modular frå leverandør som handsamar dette. Les meir under Digital postkasse.

Kontakt Difi

Før produksjonssetting treng Difi følgjande informasjon:

  • Kontaktperson(ar) og varslingspunkt (kan vere same person)
    • Mobilnummer
    • E-postadresse
    • Namn
  • Kva integrasjonsalternativ verksemda skal bruke. Til dømes sak/arkivsystem frå ein leverandør, eller om de gjer eigne systemtilpassingar for integrasjonen
  • Er verksemda sjølv datahandsamar?
  • Kort beskriving av kva registeret skal brukast til , bruksmønster, forventa tal oppslag (pr. månad?)
  • Kritiske periodar og høgvolum-periodar?
  • Ønska produksjonssettingsdato 

Send informasjonen til idporten@difi.no.

Gjennomfør ROS-analyse

Verksemda di bør gjennomføre eigen risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) før de tek i bruk løysinga.

Difi har utarbeida malar for gjennomføring av ROS-analysen som de kan laste ned og bruke.  

Tilgang til det sentrale folkeregisteret (DSF)

Treng verksemda dykkar tilgang til DSF i samband med bruk av kontakt- og reservasjonsregisteret eller digital postkasse, kan de sende ein e-post til idporten@difi.no

 

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*