Verksemdsamanslåing

Mange verksemder skal slåast saman i tida framover, og med dette vil det og verte endringar med tanke på dei tenestane kvar verksemd har teke i bruk hjå oss.

Kva må verksemda gjere

Klikk her for skjema for opplysningar om ny verksemd

Dersom verksemda har fått nytt namn og organisasjonsnummer må bruksvilkår for Difis fellesløysingar signerast på nytt.  

 

  • verksemda held fram med eksisterende organisasjonsnummer og namn
  • verksemda held fram med eksisterende organisasjonsnummer, men får nytt namn
  • Verksemda får nytt organisasjonsnummer og nytt namn
  • Verksemda får nytt organisasjonsnummer men hald fram med eksisterande namn

Vi ynskjer at de sender oss informasjon om nytt organisasjonsnummer og namn, og kva verksemder som da er kommet inn i den nye verksemda. Vi må òg få tilsendt ny logo. 

  • Kva er e-postdomenet til den nye verksemda? 
  • Kva er fakturaadresse og fakturareferanse for den nye verksemda? 
  • Kven kan vere vår kontaktperson/koordinator for digitale tenester i den nye verksemda?

Fellesløysingar

  • Verksemda må sei fra om tenester som skal deaktiverast etter samanslåinga. 
  • Vi treng informasjon om kven som skal vere varslingspunkt per teneste.

Digital postkasse til innbyggar

Her føljer verksemda det scenariet som treff dei. 

  1. Verksemda held fram med eksisterende organisasjonsnummer og namn
  2. Verksemda får nytt organisasjonsnummer og nytt namn
  3. Verksemda held fram med eksisterende organisasjonsnummer, men får nytt namn

 

1. Samanslått verksemd held fram med verksemdsnamn og organisasjonsnummer til ein av de eksisterende verksemdene:

  • Sende inn ny logo til difi dersom denne vert endra.
  • Gi beskjed når verksemd som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig avsendar av digital post
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta

 

2. Samanslått verksemd får nytt namn og nytt organisasjonsnummer:

  • Akseptere Difis bruksvilkår for ny verksemd
  • Melde inn ny verksemd som avsendar av digital post
  • Sende inn ny logo til Difi
  • Fylle ut dpi-skjema (difi sender lenkje til skjema når endringa meldast til Difi)
  • Gi beskjed når verksemder som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig avsendar av digital post
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta

 

3. Samanslått verksemd får nytt namn men held fram med organisasjonsnummer fra ei tidlegare verksemd:

  • Akseptere Difis bruksvilkår for ny verksemd
  • Melde inn namneendring for eksisterende orgnr/avsender av digital post
  • Sende inn ny logo til Difi
  • Fylle ut dpi-skjema (difi sender lenkje til skjema når endringa meldast til Difi)
  • Gi beskjed når verksemder som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig avsendar av digital post
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta
  • (OBS: Konsekvens å vere klar over: Avsendarnamnet for korrespondanse frå tidlegare verksemdsnamn vil endrast til nytt namn i innboksen til innbyggerne. Dette gjeld berre avsendarnamnet i innboksen, ikkje avsendarnamnet inne i sjølve brevet)

eFormidling

 

Her føljer verksemda det scenariet som treff dei. 

  1. Verksemda held fram med eksisterande organisasjonsnummer og namn
  2. Verksemda får nytt organisasjonsnummer og nytt namn
  3. Verksemda held fram med eksisterande organisasjonsnummer, men får nytt namn

 

1. Samanslått verksemd held fram med namn og organisasjonsnummer til ei av dei eksisterande verksemdene

  • Sende inn ny logo til Difi dersom denne endrast. (For Samarbeidsportalen)
  • Gi beskjed når verksemder som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig brukar av tenesta
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta

 

2. Samanslått verksemd får nytt namn og nytt organisasjonsnummer

  • Akseptere Difis bruksvilkår for ny verksemd
  • Melde inn ny verksemd som brukar av tenesta
  • Sende inn ny logo til Difi (For Samarbeidsportalen)
  • Fylle ut skjema for ny løysing (Difi sender lenkje til skjema når endringa meldast til Difi)
  • Sette opp løysing på nytt: https://samarbeid.difi.no/node/238
  • Gi beskjed når verksemder som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig brukar av tenesta
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta

 

3. Samanslått verksemd får nytt namn, men held fram med organisasjonsnummer frå ei tidlegare verksemd

  • Akseptere Difis bruksvilkår for ny verksemd
  • Melde inn namneendring for eksisterande organisasjonsnummer/brukar av tenesta
  • Sende inn ny logo til Difi (For Samarbeidsportalen)
  • Gi beskjed når verksemder som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig bruker av tenesta
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta

eSignering

Her føljer verksemda det scenariet som treff dei. 

  1. Verksemda held fram med eksisterande organisasjonsnummer og namn
  2. Verksemda får nytt organisasjonsnummer og nytt namn
  3. Verksemda held fram med eksisterande organisasjonsnummer, men får nytt namn

 

1. Samanslått verksemd held fram med namn og organisasjonsnummer til ei av dei eksisterande verksemdene:

  • Sende inn ny logo til Difi dersom denne endrast.
  • Gi beskjed når verksemder som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig brukar av tenesta for eSignering
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta

 

2. Samanslått verksemd får nytt namn og nytt organisasjonsnummer: (OBS: fører til ein ny integrasjonskostnad)

  • Akseptere Difis bruksvilkår for ny verksemd
  • Melde inn ny verksemd som brukar av tenesta for eSignering
  • Sende inn ny logo til Difi
  • Fylle ut eSignerings-skjema (Difi sender lenkje til skjema når endringa meldast til Difi)
  • Gi beskjed når verksemder som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig brukar av tenesta for eSignering
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta

 

3. Samanslått verksemd får nytt namn men held fram med organisasjonsnummer frå ei tidlegare verksemd:

  • Akseptere Difis bruksvilkår for ny verksemd
  • Melde inn namneendring for eksisterande organisasjonsnummer/brukar av tenesta for eSignering
  • Sende inn ny logo til Difi
  • Fylle ut eSignerings-skjema (Difi sender lenkje til skjema når endringa meldast til Difi)
  • Gi beskjed når verksemder som ikkje lenger fins skal opphøyre å vere gyldig bruker av tenesta for eSignering
  • Melde inn endringar i forhold til varslingspunkt for tenesta

ID-porten

I mange tilfelle vil verksemdene som vert samanslått ha kvar sin integrasjon av same fagsystem. Alle ID-porten integrasjonane vil halde fram med å fungere til dei vert deaktivert, men det må meldast inn kva integrasjonar som skal deaktiverast. For mange verksemder vil det vere ein leverandør som har sett opp og driftar løysinga. Vi anbefalar at de går i dialog med leverandør om de må foreta de noko. 

For eksisterande integrasjonar vert det ein manuell jobb å bytte organisasjonsnummer, namn og logo. Desse endringane vert utført etter innmelding frå verksemda som vert samanslått. 

Meld inn til idporten@difi.no

Kontakt- og reservasjonsregisteret

Verksemder med nye organisasjonsnummer må bestille/opprette nye integrasjonar. Dette gjeld også om de har varslingstenester levert av leverandørar. I nokre tilfeller kan fleire av kommunane ha same tenesten. Gå i dialog med leverandør for å avtale korleis de skal gå fram.