Drift og forvaltning - Beste praksis

Nedenfor har me samla nyttige innspel og praksis de som verksemd kan sjå på når de har teke i bruk eFormidling. Etterkvart ynskjer me også å dele erfaringer frå andre verksemder som brukar eFormidling

Publisert: 25. aug 2020, Sist endret: 14. sep 2020

Tryggleik for at meldingar kjem fram

1. Stol på at meldinga kjem fram

2. Dersom ei sending feilar, vil oppgitte varslingspunkt frå verksemda bli varsla. 

3. har de behov for umiddelbar stadfesting av status for ei spesifikk melding:

a: sjekk statusgrensesnit som syner siste status for sendte meldingar. Les korleis her

b: treng de å spore alle statusane for ei eller fleire meldingar? Sjekk applikasjonslogg som loggar alle statusar i integrasjonspunktet

c: Me ser at enkelte har god erfaring med eigne automatiserte varsling av avvik i loggen lokalt. 

4. Ved behov for assistanse, kan de kontakte Digitaliseringsdirektoratet på servicedesk@digdir.no

5. På litt sikt ser me føre oss at alle saksbehandlarar vil ha tilgang til detaljert status per meldng i sitt avsendarsystem (p360, ePhorte, Elements, Websak m.fl). Ta kontakt med din leveranfør for spørsmål om dette. 

Viktig at du som kunde veit at: 

- de har gode rutinar for drift og overvåking av lokalt integrasjonspunkt

- de blir varsla om ting feilar, dette blir stadig meir effektivt

- de sørger for å ha oppdaterte varslingspunkt (oppdaterast på "Min profil" på Samarbeidportalen)

- det kan vera lurt å ha eit "generelt" varslingspunkt, til dømes postmottak eller andre fellesadresser

- de har gode rutinar mellom intern teknisk drift og arkiv/dokumentsenteret

- de som ikkje har lokal drift av integrasjonspunktet bør ta ein gjennomgang av rutinar for overvåking og varsling med din leverandør

- har god kontroll på rollar og tilgangsstyring i Altinn

Deldette

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*