ID-Porten og Kontakt- og Reservasjonsregisteret - nedetid 03.12.2018

03.12.2018 20:45 til ca 21:30 var det tregheit for OpenID Connect og Kontakt- og Reservasjonsregisteret. 21:25-21:33: Nedetid for OpenID Connect og Kontakt- og Reservasjonsregisteret. 22:30-22:40 var det nedetid på OpenID Connect.

Publisert: 03. des 2018, Sist endret: 04. des 2018

Feilen var at ein fast ryddejobb som går i databasen gjekk i lås og kom seg ikkje vidare.

Umiddelbar løysing: Utføre ryddejobben i databasen manuelt med nedetid.

Løysing implementert i etterkant av hendinga: La inn grace-periode for ryddinga. Det gjer at den ikkje prøver å rydde uhåndterlege mengder data, som resulterer i at den sperrar for andre databaseoperasjonar.