No kjem skattemeldinga

Torsdag 4. april blir skattemeldinga tilgjengeleg for nesten fem millionar lønnstakarar, pensjonistar og næringsdrivande.

Publisert: 03. Apr 2019, Sist endret: 03. Apr 2019

Det er venta rekordstor trafikk i ID-porten når skattemeldinga blir lagt ut på skatteetaten.no. I løpet av det første døgnet i fjor var det 2,5 millionar personar som logga inn, noko som tilsvarar nesten halve Norges befolkning. 

Difi er i beredskap for å gje brukarstøtte og handtere den store trafikken. Skattemeldinga blir gjort tilgjengeleg gjennom eit samarbeid mellom Skatteetaten, Altinn, Difi (ID-porten) og leverandørene av innlogging i ID-porten. Vi samarbeider tett for at brukarane skal merke minst mogleg til den høge trafikken.

ID-porten er felles innloggingsløysing for alle offentlege tenester og er dimensjonert for høg trafikk. Ved utlegging av skattemeldinga er trafikken periodevis 10 gonger større enn ein normaldag. Dette kan føre til at nokon vil få meldingom å prøve igjen litt seinare. Det er eit planlagt tiltak for å sikre ei god oppleving for dei som er innlogga. Då er det berre å vente litt og prøve igjen seinare. Erfaringa frå tidlegare år er at alle som ønskjer det får tilgang til skattemeldinga i løpet av dagen. Det er venta ekstra stor pågang mellom 07 og 09 opningsdagen.

På hjelpesidene for ID-porten vil du finne hjelp til å løyse innloggingsproblem. 

Skatteetaten er ansvarleg for kommunikasjon og informasjon rundt utlegginga av skattemeldinga. 

Kontaktperson Difi:

Deldette

Kontakt