Vel gjennomført val

Den 9.september var det kommune- og fylkestingsval der ID-porten var autentiseringsløysing for innrapportering av stemmer.

Publisert: 13. sep 2019, Sist endret: 13. sep 2019

Det var ikkje venta særleg auka trafikk i samband med valet, men perioden kategorisert som kritisk, med fokus på stabile tenester. Difi hadde utvida teknisk beredskap i dagane før- og natt til 10.september for å overvake løysinga og vere tilgjengeleg for Valgdirektoratet.


Nytt i 2019 - digitalt valkort

Nytt i år var at 18 kommunar deltok i prøveprosjekt der dei fekk valkortet i sin digitale postkasse og ein portal på val.no. Dette var initiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og gjennomført av Valgdirektoratet i samarbeid med Difi.

Les meir om digitalt valgkort.