Melding om celleprøve rett på mobilen

I haust gjennomfører Difi ein kampanje i sosiale medier for å støtte Livmorhalsprogrammet som ønsker å nå fleire unge kvinner via digital postkasse.

Publisert: 03. okt 2019, Sist endret: 03. okt 2019

Livmorhalsprogrammet har som mål å førebygge livmorhalskreft. Kvart år gjennomfører Kreftregisteret ein rekrutteringskampanje retta mot 25-åringar som skal inn i Livmorhalsprogrammet. Desse blir oppfordra av Kreftregisteret til å opprette digital postkasse slik at dei kan få påminning om slik innkalling rett på mobilen.

Videoannonsar

Basert på Kreftregisterets ønske om å nå mottakarane digitalt, følger Difi opp med ein kampanje i sosiale medier for å auke kjennskapen og bruken av digital postkasse. Kampanjen startar 18. september med videoannonsar i ulike format og lengder på Snapchat og YouTube. Avsendar er Difi.

- Vi ønsker å teste om vi kan få fleire til å ta i bruk digital postkasse dersom vi profilerer denne i ein kontekst, i dette tilfellet ei konkret sending som mottakaren opplever som relevant og nyttig. Klarer vi å rekruttere fleire unge brukarar, vil det også vere ressurssparande for offentlege verksemder i lang tid framover, seier kampanjeansvarleg Mari Jøndahl i Difi. 

Retta mot unge vaksne

Kampanjen som blir gjennomført i september og oktober, bygger på eit konsept som blir gjenbrukt i tilsvarande kampanjar for andre verksemder Difi samarbeider med.

 

For å gjere bodskapen mest muleg relevant og også avgrense ressursbruken, prioriterer Difi unge vaksne som målgrupper. Formspråket er tilpassa målgruppene og kanalane som blir nytta. 

Tidlegare i haust har Difi nytta konseptet i samband med Valdirektoratets prøveordning med digitale valkort i 18 utvalde kommunar. 

Deldette

Kontakt