eInnsyn - no også for kommunar og fylkeskommunar

eInnsyn er fellesløysinga for innsyn og åpenheit, som gjer offentlege postjournalar, møter og utvalg tilgjengelege på internett. Denne fellesløysinga vart lansert for statlege verksemder og Oslo kommune i 2018, men har no åpna for resten av kommunal sektor.

Publisert: 27. Feb 2020, Sist endret: 10. Mar 2020

Ny prismodell

For statlege kundar, omfatta av offentlegforskrifta §6, er bruk av eInnsyn framleis sentralfinansiert. Kommunar og fylkeskommunar betalar for bruk av eInnsyn. Les meir om den nye prismodellen for eInnsyn.

Oppdatering av bruksvilkår

I samband med at ein no åpnar for bruk av eInnsyn for kommunal sektor har ein gjort oppdatering i bruksvilkåra for eInnsyn. Bruksvilkåra regulerar bruken av fellesløysinga, og er avtaleverket Digitaliseringsdirektoratet har med kundar om bruk av eInnsyn. 

Første møte i styringsrådet

I midten av februar vart første styringsråd for eInnsyn gjennomført. Styringsrådet for eInnsyn er eit rådgivande organ i viktige saker knytta til fellesløysinga, til dømes vidareutvikling og større endringar i løysinga. Styringsrådet for eInnsyn består mellom anna av representantar frå statlege kundar, kommunale- og fylkeskommunale kundar og vert leia av Digitaliseringsdirektoratet. 

Styringsrådet kjem til å ha ei viktig rolle for Digitaliseringsdirektoratets arbeid med ny produktstrategi og for å auke bruken av eInnsyn i fylkes- og kommunesektoren.

Stein Magne Os

Produktsjef eInnsyn

 

 
 

 

Deldette

Kontakt