Ny funksjonalitet gir betre oversikt i eSignerings avsendargrensesnitt

Det er no mogleg å få oversikt over maskin til maskin oppdrag og vise varslingsadressa til signatar.

Publisert: 27. Feb 2020, Sist endret: 27. Feb 2020

Oversikt over maskin-til-maskin-oppdrag

Fleire maskin-til-maskin-avsendarar etterlyser eit webgrensesnitt for å kunne sjekke status på signeringsoppdrag oppretta over API. Behovet er spesielt aktuelt for personar som yter support knytt til dokument som blir behandla i eSignering (td. arkivarar og it-suppor) og for utviklarar/testarar i ein integrasjons-/testfase.

Avsendargrensesnittet for eSignering er no utvida med status for oppdrag oppretta via API. API-oppdraga er filtrerte ut i ei eiga fane i grensesnittet og er søkbare. Kvart API-oppdrag er presentert med diverse konfigurasjons- og loggdata. Oppdraga frå API er i avsendargrensesnittet «read-only», dvs. at ingen handlingar kan utførast utover reine leseoperasjonar.

For å få tilgang til api-oppdrag via avsendargrensesnittet, må verksemda vere autorisert for bruk av grensesnittet og den enkelte brukaren må ha kontobehandler-rettigheiter (administrator-rettigheiter for verksemda sine signeringsoppdrag). Tilgang på verksemdsnivå kan bestillast frå servicedesk@digdir.no og er kostnadsfri for verksemder som allereie bruker tenesta. Personleg tilgang kan den enkelte verksemda sine kontobehandlarar opprette og administrere sjølv.

Visning av varslingsadressa til signatar

Avsendargrensesnittet er utvida med ein varslingslogg der kontaktinformasjonen som er brukt  ifm. varsling om oppdrag til signering blir logga (varsling er brukt for asynkrone signeringsoppdrag, også kjent som portal-jobbar). Varslingsloggen omfattar e-postadressa/mobilnummeret som er brukt ved den enkelte varslinga og tidspunktet varselet blei sendt.

Deldette

Kontakt