Høgvolum- og kritisk periode i ID-porten i samband med utlegg av Skattemeldinga

I perioden 18.-31.mars vert skattemeldinga puljevis gjort tilgjengeleg for skattepliktige. Nytt i år er at ikkje alle skattemeldinga får samstundes, du vert varsla når skattemeldinga di er klar. Vi førebur oss på auka trafikk i ID-porten i perioden. Følg med på samarbeidsportalen for oppdateringar om ID-porten i perioden!

Publisert: 10. Mar 2020, Sist endret: 31. Mar 2020

Les oppsummering fra 18.mars 

18.mars vart skattemeldinga tilgjengeleg for første pulje. Statistikken frå i går viste at det vart 215 081 innloggingar til Skattemeldinga.

ID-porten leverte

ID-porten var stabil.  Det var nokre problem med innlogging via BankID på mobil for Telia-kundar og Telenor-kundar. Driftsmelding vart hyppig brukt for å sikre god informasjon til sluttbrukarane. Kø-løysinga inn til skattemeldinga fungerte som ønska og sikra stabil flyt inn til tenesta.

På ein "normal" dag er det ca. 500 000 innloggingar via ID-porten. Situasjonen med korona-viruset har ført til auka trafikk til offentlege tenester gjennom ID-porten, og den 18.mars vart det totalt 1 554 640 innloggingar via ID-porten.

Graf som viser innlogginger til ID-porten totalt og til skattemeldingen. ID-porten = 1 554 640 innlogginger. Innlogginger til skattemeldingen = 215 081
 
 

Innloggingar i ID-porten 16.-18.mars 

Grafen viser stadig økende trafikk fra fra 16.-18.mars.
 
 

 

Les oppsummering fra 19. mars

Skattemeldinga vart tilgjengeleg for ny pulje. Statistikken fra igår viste at det vart 161 637 innloggingar til skattemeldinga.

ID-porten

ID-porten var stabil.  Det var ein periode innloggingsproblem til BankID, samt problem med innlogging via BankID på mobil for Telia-kundar og Telenor-kundar. Driftsmelding vart hyppig oppdatert for å sikre god informasjon til sluttbrukarane. Kø-løysinga inn til skattemeldinga fungerte som ønska og sikra stabil flyt inn til tenesta.

På ein "normal" dag er det ca. 500 000 innloggingar via ID-porten. Situasjonen med korona-viruset har ført til auka trafikk til offentlege tenester gjennom ID-porten, og kl. 12:00 var det 443 636 innloggingar i ID-porten.

Graf som viser innlogginger til ID-porten totalt og til skattemeldingen. ID-porten = 1 120 159 innlogginger. Innlogginger til skattemeldingen = 161 637
 
 

Les oppsummering fra 20. mars

Det var ingen nye puljer som fekk skattemeldinga den 20.mars. Det har alikevel vore nær 50.000 innloggingar til skattemeldingssida fram til kl. 15:00. 

Status for ID-porten

ID-porten er stabil. Det har vore nokre problem med innlogging via BankID på mobil for Telia-kundar, dette vart det lagt ut driftsmelding om. No fungerar alle eID-ar som normalt. 

Les oppsummering fra 23.mars

Skattemelding til ny pulje vart utsendt den 23.mars. Ca. kl. 15 hadde 174 722 logga inn til Skattemeldinga. Alle e-ID-ar har vore stabile og det har vore jamn høg trafikk i ID-porten. 

Les oppsummering fra 25. mars

Skattemeldinga vart utsendt til ny pulje den 26.mars. Alle eID-ar har vore stabile og det har vore jamn høg trafikk i ID-porten. Det var nødvendig å gjennomføre hastevedlikehald i ID-porten, dette vart gjennomført kl. 23:35-00:10, med korte periodar ustabilitet i tidsrommet.

Les oppsummering frå 30.mars

Sidan opningsdag den 18.mars har det vore 2 974 607 innloggingar til skattemeldinga. I dag vil ei ny pulje få varsel om at skattemeldinga er klar. Totalt logga 539 186 seg inn til skattemeldinga den 30.mars. Det er jamnt høg trafikk i ID-porten også i dag, alle e-ID-ar er stabile. Skatteetaten hadde problem med nettsida si i ein periode på ettermiddagen, og brukarar opplevde å få feilmelding ved innlogging på Skatteetaten.no. 

Status 31.mars

Alle puljer har no fått utsendt skattemeldinga si. Den siste pulja fekk skattemeldinga i Altinn den 30.mars og varsling pågår. 

 

Vent med å logge inn til du har fått varsel

Skattemeldinga er ei populær teneste for innbyggarane, som genererer høg trafikk i ID-porten. Tidlegare år har alle fått skattemeldinga si samstundes, noko som har skapt høg trafikk i ID-porten, Altinn og på Skatteetaten.no. I år vil utlegget skje puljevis mellom 18.-31.mars, og skatteytar vert varsla når skattemeldinga er klar.

Kø-løysing  

Eit av tiltaka som i år er innført er ei skybasert kø-løysing, med hensikt å gi brukaren ei god innloggingsoppleving, samt sikre at tenestene forblir stabile og tilgjengelege. Alle som vil logge inn til Skattemeldinga får ein plass i kø-løysinga, og informasjon om eventuell ventetid. Brukaren held sin plass i køen så lenge han ikkje lukkar nettlesarvindauget. Når brukar har fått tilgang til å logge inn, må innlogginga påbyrjast innan 10 minutta

 
 

 

Deldette

Kontakt