Hugs å halde varslingspunkta oppdatert

Det er viktig at varslingspunkta for di verksemd er oppdatert på "Min profil" til einkvar tid.

Publisert: 19. Mar 2020, Sist endret: 05. okt 2020

Kvifor må verksemda ha varslingspunkt?

For at di verksemd skal vere oppdatert på informasjon om nedetid, endringar o.l, er det viktig at de har registrert eit eller fleire varslingspunkt for tenestane de har teke i bruk. Konsekvensen av at de ikkje har registrert varslingspunkt er at de ikkje får beskjed ved alvorlege og kritiske hendingar, vedlikehald og endringar i løysinga som er viktig for kundar å vite om. 

I henhold til bruksvilkåra (1.4.1) har dere som kunde ansvar for å halde deres varslingspunkt oppdatert.

Korleis legge til varslingspunkt?

Du startar ved å logge inn på "Min profil", oppe i høgre hjørne, med di jobb-epostadresse og passord. 

  1. Etter at du er innlogga vil du sjå ein meny på venstre side. 
  2. Klikk på "Virksomhetens tjenester"
  3. Klikk på den tjenesten du vil legge inn varslingspunkt på. 
  4. Klikk på "Rediger integrasjon" 
  5. Nederst på sida finn du ei liste med kontaktpersonar i di verksemd. 
  6. For å leggje til ein person, klikk på den personen. (Ver obs på at dersom du skal merke av fleire personar, så må du halde inne ctrl-tasten) 
  7. Trykk på "lagre". 
     

Video - korleis legge til varslingspunkt


Kven bør vere varslingspunkt?

Dere registrerer varslingspunkt for tenesta/fellesløysinga på Samarbeidsportalen. Varslingspunkta vil motta varsel om alvorlege og kritiske hendingar, og det er difor viktig å vurdere kva funksjonar som bør vere oppført som varslingspunkt. Det er hensiktsmessig å bruke felles e-postadresser i tillegg til person e-postadresser. Føljande funksjonar bør vere registrert som varslingspunkt:

  • Tekniske ressursar
  • Funksjonar som har kunde/sluttbrukar-kontakt
  • Leverandør, dersom de har det


Kva slags varsel er det de får?

  • Alvorlege og kritiske feil i våre fellesløysingar
  • Varsel om planlagt vedlikehold og liknande
  • Endringar i løysinga. 

 

Deldette

Kontakt