Rekordmånad for fleire digitale fellesløysingar

Dei digitale fellesløysingane spelar i desse dagar ei viktig rolle i samfunnet. Det speglast i bruken som har vore rekordhøg i mars.

Publisert: 30. Mar 2020, Sist endret: 08. Apr 2020
Bilde illustrerer artikkel om trafikk i ID-porten, KRR, eSignering og DPI i mars 2020
 
 


Har du logga inn til skattemeldinga di endå? Er du blant dei som har oppretta digital postkasse i mars? Kanskje du har fått varsel frå kommunen din om smitteverntiltak i samband med korona-viruset?

Digitale løysingar i ein ekstraordinær situasjon

Stig Slaatto-Hornnes er produktsjef for ID-porten, KRR og eSignering. Han peikar på viktigheita av gode digitale løysingar i ei tid som no.
-Situasjonen vi opplever i dag er ekstraordinær, og den viser kor sårbart samfunnet vårt er. Når vi ikkje lengre kan møte kvarandre fysisk, ser vi kor bra det er å ha gode digitale løysingar som sikrar at viktige samfunnsoppgåver framleis vert gjort. Der har fellesløysingane ein viktig funksjon, mellom anna ID-porten for alle dei som no har måtte søke om dagpengar samstundes som NAV-kontora er stengt.  

Skjermbilde av Nav.no forside
 

Skjermbilde fra Nav.no

Produktsjefen kan sjå tilbake på ein månad med høg trafikk i fellesløysingane og stabil drift. -Dei digitale fellesløysingane er bygd for å tole høg bruk. På tross av at mange nye, og ikkje minst store, tenester har kopla seg på både KRR, ID-porten og eSignering har løysingane våre fint tolt pågangen, fortel han.

Utval av statistikk for fellesløysingane finn du ved å klikke deg inn på sidene nedanfor.

 

Deldette

Beredskap for å sikre stabile tenester

Den høge trafikken i løysingane har vore nøye overvaka av teknisk personell i Digdir og hjå våre leverandørar.

Kontakt