Digital postkasse - mars 2020

I mars har Posten gjennomført ei kampanje for å auke talet på innbyggjarar med digital postkasse. Dette kombinert med korona-situasjonen som er, har ført til stor vekst i talet på postkassar.

Publisert: 01. Apr 2020, Sist endret: 02. Apr 2020

 

Opprett en digital postkasse hos Digipost eller eBoks
 
 

Langt fleire innbyggarar enn normalt er i dialog med offentlege verksemder og mottek til dømes vedtaksbrev frå det offentlege. Dette vil dei kunne få raskare når dei mottek breva digitalt.

Sture Førre, driftsleiar DPI

Auke i tal postkasse-brukarar

Posten sende ut brev til dei 1,2 millionar nordmenn som ikkje har oppretta seg ein postkasse, eller er reservert mot reklame. Kampanjen gjekk ut i veke 11, og det resulterte i over 30 000 nye postkassar den påfølgande veka. Auken i tal postkassar fortsatte ut månaden, og totalt i mars er det kome over 75 000 nye postkassar.

Det har vore ei større auke i oppretting av digital postkasse enn venta i mars. Produktsjef for Digital postkasse, Ellen Marie Langen, trur at folk no er meir merksame på digitale kanalar. -Situasjonen me er i gjer folk meir merksame på digitale kanalar og fordelane med å få informasjon raskt, og derfor opprettar seg ei digital postkasse. 

Tal frå mars