God sommar!

Oversiktsbilde av Leikanger
Foto: Thor Kristian Sortevik

Det er ferietid for mange og vi vil ønskje alle våre kundar og leverandørar god sommar! Vi tek eit raskt tilbakeblikk på kva som har skjedd i fellesløysingane så langt i år - medan vi ser fram til ein like innhaldsrik haust.

Publisert: 06. jul 2020, Sist endret: 07. jul 2020

Året så langt – kort oppsummert

Digitaliseringa i offentleg sektor har for alvor skutt fart og vi ser auke i bruken av fleire av fellesløysingane. 

  • ID-porten har hatt rekordhøg trafikk og MinID Passport vart lansert i mai.
  • Bruken av kontaktregisteret har eksplodert, samstundes som tal reserverte har hatt ei gradvis nedgang sidan januar i år.
  • Stadig fleire verksemder brukar eSignering, der tal signeringar har stor vekst samanlikna med same periode i fjor. I mars vart det gjennomført om lag 100 000 signeringar på ei helg, i samband med Oslo universitetssjukehus si studie kring korona-smitte i Norge.
  • Digital postkasse har lansert bevis-funksjonalitet, der Statens vegvesen tilbyr bevis for gjennomført trafikalt grunnkurs direkte i digital postkasse.
     

Digitale fellesløysingar - også på Facebook

I år vart også Facebook-gruppa Digitale fellesløysingar lansert. Der deler vi ny og nyttig informasjon om fellesløysingane med dykk. Følg oss, tips og inviter kollegaer og venner om gruppa.

 

Har du hugsa å melde deg på brukarrådet?

8.-9.september vert brukarrådet halde digitalt for første gong. Årets brukarråd er gratis og tema er "Tillitt og innsyn". Les meir og meld deg på her.

 

Deldette

Kontakt