Ny fellesløysing i skya

Den 16.september vart ELMA flytta ut i skya, og er med det over på ein moderne plattform og arkitektur.

Publisert: 17. sep 2020, Sist endret: 17. sep 2020

Flyttinga vart gjennomført mellom kl. 16:00 - 17:40 og gjekk utan nedetid for oppslag. Me ber likevel verksemder om å sjekke at endringar i tidsrommet er gjennomført. 

Smidigare og meir moderne 

Ved å flytte ELMA over i sky er ein sikra enklare skalering, det gir ein smidigare utvikling, og ikkje minst at ein er over på ein moderne plattform. 

- eFormidling og eInnsyn er allereie flytta i skya, og med ELMA på plass er ein sikra eit harmonsiert driftsmiljø som gir effektiv og god forvaltning, seier seniorrådgjevar i Digitaliseringsdirektoratet, Kjetil Melheim.

Skjult innhald vert ikkje publisert

Når det gjeld funksjonelle endringar i samband med flyttinga, vert no prosessar eller dokumenttypar som er sett til "skjult" ikkje publisert. Dette skjer etter vedtak i Peppol 30. april. Skjulte prosessar eller dokumenttypar vil ikkje kunne finnes i ELMA-provider oppslag, og det kan ikkje leggast til nye mottakarar. 

TietoEvry er som tidlegare driftsleverandør for løysinga, og bidreg med sin kompetanse på 24/7 drift, plattform og overvåking.

Les meir teknisk informasjon om ny IP-adresse og endring i TLS-terminering.

Kontakt