Over 1800 følgde Brukarrådet digitalt

Takk til alle som følgde Brukarrådet!

Publisert: 10. sep 2020, Sist endret: 15. sep 2020

Rekordmange deltakarar

Det vart ny rekord med opptil 1800 deltakarar som følgde den digitale konferansen denne veka. Hovudtema for Brukarrådet i år var «Tillit og innsyn», og Harald Eia leia første konferansedag i hamn med ei rekkje gode samtalar og brukarhistorier frå verksemder som i dag nyttar ulike fellesløysingar i sine tenester.

Som tidlegare år handla dag to om dei enkelte fellesløysingane, med djubdepresentasjonar, brukerhistorier og diskusjon. I tillegg kunne deltakarane stille spørsmål løpande på Sli.do medan sendinga pågjekk. 

Sidan det er første gong vi gjennomfører Brukarrådet digitalt, ser vi at det er forbetringspotensial på enkelte område, og det tek vi med oss i planlegginga til neste år. Men alt i alt tyder det på at dette gjekk veldig bra.

Statistikken frå strømmingsleverandøren viser eit deltakartal på om lag 1500 på første dag, mens det vart registrert 1800 sjåarar gjennom dag to.