Strategien for ein open forvaltning

eInnsyn sin produktstrategi er ferdigstilt. Målet med produktstrategien for eInnsyn er å vidareføre arbeidet med å gjere offentleg forvaltning meir open og tilgjengeleg for innbyggaren, og samtidig bidra til å effektivisera forvaltninga si gjennomføring av offentlegheitsprinsippet.

Publisert: 08. sep 2020, Sist endret: 08. sep 2020

I 2018 kom eit stort løft da OEP vart erstatta av eInnsyn. I 2020 går det i gjennomsnitt opp mot 3.000 søk og 1.200 innsynskrav gjennom løysinga dagleg. eInnsyn er ei nasjonal fellesløysing som kan brukast av heile offentleg sektor, med fulltekstpublisering som ein viktig funksjonalitet.

Strategien trekker opp visjon, mål og innsatsområde og er retningsgivande for utviklinga av eInnsyn fram mot 2025.

eInnsyn sin visjon er at «eInnsyn skal fremja openheit og demokrati». Strategien legg til grunn fem verdiar som skal prege produktet og den vidare utviklinga: Tillit, open, samhandlingsdyktig, effektivt og brukarorientert. I «effektivt» ligg det eit mål om at eInnsyn skal bidra til ei meir effektiv, smart og kostnadseffektiv forvaltning.

Fire overordna mål for løysinga i perioden 2020-2025

Den nye strategien peikar på at eInnsyn skal:

  • ivareta samfunnet sitt behov for ei elektronisk publiserings- og søkeløysing i offentlege dokument. Dette inneber vidare innsats for at fleire offentlege verksemder tek i bruk eInnsyn.
  • ligge i front av den digitale utviklinga i offentleg sektor og tilpassast endringar i regelverket. Dette vil krevje tettare samarbeid med Arkivverket, leverandørmarknaden og andre aktørar som kan gi kraft i innovasjons- og utviklingsarbeidet.
  • sette brukaren i sentrum, i tråd med Digital Agenda frå 2015. I tillegg til å sikre gode brukargrensesnitt, skal løysinga fungere godt for verksemdene – det vil seie innhaldsleverandørane – og også vere open for at tredjepartsverksemder skal kunne forbetre eInnsyn med verdiaukande tenester. eInnsyn vil særleg legge til rette for at løysinga skal kunne brukast effektivt i datastøtta journalistikk.
  • vera pådrivar for å auke andelen dokument som vert fulltekstpublisert. Dette vil krevje målretta arbeid med funksjonalitet i løysinga og samhandling med leverandørmarknaden. For verksemdene som nyttar eInnsyn er det venta at meir fulltekstpublisering vil gje vesentlege effektiviseringsgevinstar. Innbyggarane får enklare og raskare tilgang til offentleg informasjon, og verksemdene oppnår redusert pågang for handsaming av innsynskrav.