Webinar - nytt brukergrensesnitt for eInnsyn

23. november vil eInnsyn stå fram i heilt nytt design og med fleire forbetringar i brukargrensesnittet. Designet er basert på eit grundig arbeid med brukarinnsikt og måling av brukaroppleving.

Publisert: 19. nov 2020, Sist endra: 19. nov 2020

eInnsyn i ny drakt


Då eInnsyn vart lansert i februar 2018 representerte brukargrensesnittet ei betydeleg forbetring frå forgjengaren Offentleg Elektronisk Postjournal (OEP). Men etter kvart som løysinga er tatt i bruk har det  kome inn ynske om meir funksjonalitet og det er nødvendig å legge til rette for kommunar og fylkeskommunar sine behov.

Det ligg eit omfattande arbeid med brukarinnsikt som grunnlag for utforminga av det nye designet. Det er gjort omfattande målingar av brukaroppleving og det er gjennomført intervju og brukartesting med sluttbrukarar. Ei brukarundersøking som vart gjennomført i mars 2020 viste at brukarane hadde utfordringar med navigasjon på sida, og å finna fram til den informasjonen dei leitar etter. Også prioritering av innhald og lesbarheit fungerte dårlegare enn ynskeleg. Designteamet har lagt ned eit stort arbeid for å forbetre både dette og andre delar av brukaropplevinga.

eInnsyn.no har m.a. fått heilt ny framside, der det er lagt vekt på informasjon og veiledning om retten til offentlegheit og innsyn og korleis innbyggar kan nytta eInnsyn til dette. Sjølve søkefunksjonaliteten er bygd opp med ein kombinasjon av fritekstsøk og filtrering som før, men ein kan no også velje avansert søk for meir nøyaktige treff.

Det er også tydeleg at brukarane ynsker at det skal vera mogleg å finna og lesa dokumenta direkte i fulltekst, heller enn å gå vegen om innsynsbegjæring.

eInnsyn er no ope for at alle kommunar og fylkeskommunar kan ta løysinga i bruk. Det er difor nye filter for val av kommunar og fylkeskommunar som vil bli fylt ut etter kvart som desse tek i bruk eInnsyn. Også møtekalender kan filtrerast på kommunar og fylkeskommunar.

 
 

Her kan du sjå presentasjonen til Erik Aarsand i Oslo kommune.