ID-porten - hendelse 22.06

B-alvorleg hending som omhandla redusert tilgjengelegheit i ID-porten

Publisert: 26. jun 2020, Sist endret: 26. jun 2020

Den 22.juni kl. 09:08 oppstod det høge responstider i ID-porten, og sluttbrukar opplevde dermed tregheit ved lasting av e-ID-selektoren til ID-porten. Sluttbrukar fekk vist ventetidsplakat i i perioden 09:08-09:23. I samband med at det vart køyrt ein re-deploy av ID-porten OpenAM vart vedlikehaldsplakaten lagt inn i ID-porten i tidsrommet 09:23-09:25.  

Etter re-deployen auka trafikkgjennomstrøyminga gradvis. Enkelte brukarar fekk framleis vist ventetidsplakaten, i samband med stor trafikk i ID-porten. Klokka 09:52 opplevde dei fleste brukarane ID-porten som stabil. Kl. 11:47 var ID-porten tilbake i normal drift. 

Det vart lagt ut driftsmelding i ID-porten, og kundar vart varsla på samarbeidsportalen, og ved løyst hending vart det sendt e-post til varslingspunkta.