ID-porten - hendelse 27.05

B-alvorleg hending som omhandla redusert tilgjengelegheit i ID-porten

Publisert: 10. jun 2020, Sist endret: 10. jun 2020

Den 27.mai i tidsrommet 14:38 – 15:25 var det problem med to serverar i ID-porten. Problema førte til at ca. 50% av brukarane opplevde ID-porten som ustabil eller utilgjengeleg. Dei to serverane vart tatt ut og restarta kl. 15:20, og kl. 15:25 var ID-porten stabil att.  

Kundar vart varsla på samarbeidsportalen og det vart sendt ut e-postvarsel til varslingspunkt. Det vart også lagt ut driftsmelding i ID-porten som informerte brukarane om at det var ustabilitet i ID-porten. 

Rotårsaka til hendinga er førebels ikkje identifisert, og Digitaliseringsdirektoratet arbeidar med leverandør for vidare feilsøking.